Kulturmidlar i Gloppen

MULTEK-utvalet vedtek årleg å setje av tilskotsmidlar til drift av lag og organisasjonar som driv med allment kulturarbeid i Gloppen kommune.

Søknadsfristen for ordinært driftstilskot er 20. april.  Søknad om tilskot til særskilde arrangement har ingen søknadsfrist

Vi ynskjer at søknadane vert sendt inn elektronisk. 

Følgjande moment skal leggast til grunn for prioriteringa av kulturmidlane: 
 

  • Lag og organisasjonar som er aktive, og som arberider spesielt i forhold til barn og ungdom, funksjonshemma og eldre, og som gjer ein spesiell innsats for å inkludere framandkulturelle i sine aktivitetar
  • Lag som er eigar av bygg/anlegg med store driftsutgifter
  • Prosjekt/tiltak i eigen kommune
  • Lag og organisasjonar som mottek kulturmidlar må akseptere ordninga med følgjekort for funksjonshemma som er innført i kommunen


Ein treng ikkje legge ved årsmeldingar og rekneskap for å søkje om driftsstøtte. Ved behov vil kommunen be om å få framlagt årsmelding, rekneskap eller andre opplysingar.

Driftsstøtte/kuturmidlar/festivalstøtte vert som hovudregel vedteke ut innan midten av juni, og utbetalt etter klagefristen er ute. Tildelingane vert kunngjort her på kommunen si heimeside. Det vert ikkje sendt melding til kvar enkelt søkjar.

Søknad:

Her finn du søknadskjema for ordinære kulturmidlar /Driftstilskot/festivalstøtte  (frist 20. april)

 

Knottefotballturnering  - Klikk for stort bilete

Støtte til særskilte kulturarrangement/prosjekt

For søknader om tilskot til spesielle tiltak / kulturarrangement / prosjekt er det ingen søknadsfrist. Lag og organisasjonar som driv kulturarbeid i Gloppen kommune kan søkje

Eventuell støtte blir utbetalt etter at tiltaket er gjennomført og rekneskapen er innlevert

Du kan søkje om tilskot til mellom anna:

  • Arrangement innanfor idrett, musikk, teater, dans og kunst
  • Større prosjekt: Utstyr, inventar, leikeplassar, forsamlingslokale m.m.
  • Leiaropplæring og andre satsingsområde

Søknad

Her finn du søknadskjema til særskilte kulturarrangement (ingen søknadsfrist)