Kulturmidlar og festivalstøtte 2022

Gloppen kommune gir økonomisk støtte til kulturarbeidet i kommunen, både i form av årlege driftstilskot til lag og organisasjonar, støtte til festivalar og tilskot til særskilte kulturtiltak. Målet med ordningane er å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv.

Fristen for å søkje om kulturmidlar i 2022 er 19. april.

Søknad om tilskot til særskilde kulturtiltak har ingen søknadsfrist.

mennesker som spelar fiolin og cello - Klikk for stort bileteDet Norske kammerorkester med barneforestilling i kultursalen. Gloppen musikkfest 2021. Birte Fossheim

 Driftsstilskot og festivalstøtte

I vurderinga av søknadar om driftstilskot til lag og organisasjonar legg kommunen vekt på:

  • Medlemstal 
  • Aktivitetsnivå 
  • Aktivitetar og tiltak retta mot barn, ungdom, eldre, funksjonshemma og menneske med innvandrarbakgrunn 
  • Aktivitet i eigen kommune 
  • Aktivitetar knytt til formidling av kulturarv 
  • Behov knytt til drift av organisasjonen og vedlikehald av eigedom

Lag og organisasjonar som mottar tilskot frå kommunen må akseptere ordninga med følgjekort for funksjonshemma, som er innført i kommunen.

Tildelinga av driftstilskot og festivalstøtte blir kunngjort her på kommunen si heimeside. Vi sender ikkje melding til kvar enkelt søkjar. 

Søknad:

Her finn du søknadskjema for driftstilskot og festivalstøtte  (sikker pålogging med ID-porten)

Krav om vedlegg i søknaden: (leggast ved i søknaden som fil)

Kulturmidlar - Legg ved årsmelding

Festivalstøtte - Legg ved årsmelding og budsjett

Støtte til særskilte kulturtiltak

For søknader om tilskot til særskilte tiltak, prosjekt og arrangement innan kultur og idrett er det ingen søknadsfrist. 

Eventuell støtte blir utbetalt etter at tiltaket er gjennomført, og rekneskapen er innlevert.

Søknad

Her finn du søknadskjema til særskilte kulturtiltak (sikker pålogging med ID-porten)

(ingen søknadsfrist)