Ryssdal - Ryssdalshorn (Nr. 8)

- Middels tur
- Frå 100 til 1201 moh
- 4,5 km
- Ca 4 timar

Kort omtale av turen:

Frå Sandane køyrer du opp på E39 mot Byrkjelo.Ta av til høgre frå E39 mot Kandal og deretter mot Ryssdal. Etter ein har kryssa elva tek ein første veg til venstre. Det er greit å parkere i nærleiken av kraftstasjonen før skogsvegen tek til å stige. Ruta følgjer først den bratte traktorvegen opp til Ryssdalsstøylen.

Frå støylen er det eit skilt til venstre som viser vegen til toppen. Råsa går i nordaustleg retning opp ei bratt li, forbi ein bergvegg der ein må klatre litt ved hjelp av eit tau. Etter kvart kjem ein opp på ryggen og følgjer denne søraustover mot toppen. Ryssdalshornet har på ein måte to toppar, og det er den lågaste (1160moh) som er merka. Er ein først komen opp bør ein også ta med seg høgste toppen på 1201moh.