Nr. 9 : Øvredalen - Eggenipa

Klikk for stort bilete

- Krevjande tur
- Frå 560 til 1338 moh
- 4 km
- Ca. 4 timar

Kort omtale av turen:

Eit vanleg utgangspunkt for turen er frå parkeringsplassen før Eggjestøylen. For å kome dit, frå Sandane via Byrkjelo, tek du av frå E 39 like før Egge, køyrer så opp til venstre på skogsbilvegen og køyrer vidare på bomvegen til Øvredalen. På parkeringsplassen er det skilt som viser kvar den merka løypa startar.

Råsa går rett mot foten av fjellet og bratt opp lia. Ved Eggjeheia, over skoggrensa, flatar terrenget ut eit kort stykke. Nærare toppen passerer du to vardar der du ser sjølve egga opp til toppen.