Nr. 5 : Eide kultur- og natursti

Klikk for stort bilete

- Lett tur
- Frå 60 til 60 moh
- 1 km
- Ca 0,5 timar

Kort omtale av turen:

Frå Sandane sentrum kan du køyre enten opp til avkøyrsla til E39, men ta av til høgre rett før E39 forbi Best stasjonen på Kleivedammen.
Eller du køyrer frå Sandane mot Sørstranda/Hyen og tek av ved Storebrua og følgjer vegen langs Gloppeelva til Eide.

Dette er ein fin tur i lett terreng på sti/grusveg frå Eide om Eidsmona og tilbake oppe ved E39. Vegen her er fleire tusen år gammal med mange gravhaugar, mellom anna grava til den kjende Eidehøvdingen.