Nr. 4 : Kleivedammen - Veten

Klikk for stort bilete

- Lett tur
- Frå 120 til 632 moh
- 3,5 km
- Ca 1-1,5 time opp

Kort omtale i turen:

Det er greit å starte ved høgdebassenget til Sandane vassverk i Valborgkleiva. Her følgjer du den gamle støylsråsa nesten til Leirstøylen. Rett før støylen står eit skilt som viser kvar du tek av inn på råsa til Veten.

Her er ei litt bratt stigning først, deretter furuskog, før ei ny bratt stigning til toppen. Rett før toppen går du langs eit stup med utsikt til Vassendemona og Ryssdal.