Nr. 3 : Austrheimstøylen - Svinestranda

Klikk for stort bilete

- Middels tur
- Frå 520 til 1074 moh
- 3,5 km
- Ca 2 timar

Kort omtale av turen:

Ta av frå E39 mot Sandane Vest og så til høgre mot Fjellbygda. Deretter til høgre i første kryss. Frå Engeset i Fjellbygda går det god bomveg til parkeringsplass i utkanten av Austrheimsstøylen. Vegen passerer eit fantastisk utsiktspunkt rett opp for Sandane sentrum, der det er vel verd å ta ein stopp anten på veg opp eller ned.

Den merka stien frå parkeringsplassen mot Svinestranda går utaom støylsområdet over eit litt myrlendt parti. Eit godt alternativ kan vere å gå den vesle omvegen om støylen, både fordi det er ein fin opplevelse i seg sjølv og fordi ein då går i tørrare terreng. Stien går austover litt nedafor nokre hytter i utkanten av støylsområdet og går slakt oppover i relativt ope skogsterreng. Her er mange som går og stien er difor lett å finne. Etter kvart kjem ein ut av skogen og terrenget blir gradvis brattare. Siste halve kilometeren mot varden er relativt bratt, men fin å gå.

Her ender den merka stien, men er ein først komen opp kan det vere fint å forlenge turen med ein runde til andre mindre toppar eller vatn i området. I denne delen av Gloppen sine fjell er det greit å gå dei fleste plassar, anten her er sti eller ikkje. Ein fin runde kan vere om Nonstua og Svarthammaren før ein tek seg ned i Kvanndalen og finn stien nedatt mot støylen herifrå.

Publisert av Margrete Anette Solheim. Ansvarleg Intraadministrator. Sist endra 04.07.2013