Nr. 20 : Strand - Vora

Klikk for stort bilete Edvin-A Hugvik

- Krevjande tur
- Frå 160 til 1435 moh
- 6 km
- Ca. 5 timar

Kort omtale av turen:

Ruta startar ved den andre garden på Strand når ein kjem frå Byrkjelo på E39, ved sørenden av Bergheimsvatnet. Her er dårlege parkeringstilhøve, men det er råd å plassere ein bil eller to i tilknyting til ei jordbruksavkøyrsle på nedsida av E39. Er ein fleire bilar i følgje kan det vere lurt å snakke med grunneigaren. Turen startar på traktorveg rundt lada og vidare i kanten av bøen fram til ein gardfjøs og litt vidare opp i marka. Etter kvart går ein over på relativt god sti som slynger seg gjennom skogen oppetter den bratte lia.

Litt ovanfor Strandastøylen snur ein mot venstre (meir nordaustover) opp lia til ein kjem på flata inn mot Nonselvvatnet. Her kan vere att gammal merking fram til vatnet, men det er lurt å ikkje gå for langt mot vatnet før ein startar opp ura til venstre (nordover) Etter kvart flatar terrenget ut og ein kjem opp på eit ganske stort steinplatå fram mot toppen av Vora.
På veg nedatt er det ein fin avstikkar å gå til austenden av Nonselvvatnet, der ein får flott utsyn mot den mektige fossen Strupen