Nr. 2 : Dimma - Veten

Klikk for stort bilete

- Lett tur
- Frå 500 til 634 moh
- 2,5 km
- Ca 1 time

Kort omtale av turen:

Start ved å ta bomveg frå Føleide til Dimma. Det er 2 støylar på Dimma, øvre og nedre. Eit skilt på nedre viser råsa til Veten.
 
Du passerer Åsebøvatnet, eit oppdemt vatn. Frå vatnet er vegen kort til Vetestova. Då er du like i nærleiken av toppen til Veten.