Nr. 19 : Ryggjastøylen - Berdalsegga

Klikk for stort bilete

- Krevjande tur
- Frå 320 til 1145 moh
- 4 km
- Ca. 3 timar opp

Kort omtale av turen:

Frå Fv-615 i Bukta tek du av mot Rauset. Rett etter at vegen har kryssa Ryggjaelva, tek du til venstre på god bomveg fram til romsleg parkeringsplass ved Ryggjastøylen.

Frå parkeringsplassen følgjer ein ikkje skogsvegen mot Traudalsvatnet, men tek i staden enkel traktorveg rett fram oppover lia. Etter ei lita stund tek ein til venstre på sti som følgjer ryggen opp gjennom skogen. Etter eit myrparti om lag i skoggrensa går stien bratt rett oppover til Berdalseggja. Dette er også eit godt utgangspunkt for lengre umerka turar vidare i relativt lett og oversiktleg turterreng.