Nr. 18 : Ryggjastøylen - Traudalsnibba

Klikk for stort bilete

- Krevjande tur
- Frå 320 til 1175 moh
- 4 km
- Ca. 3 timar

Kort omtale av turen:

Utgangspunkt for turen er frå Ryggjastøylen. For å kome hit køyrer du til Grov på Sørstranda. Det går skogsbilveg heilt fram til støylen.

Frå parkeringsplassen går råsa mot Traudalsvatnet, noke før du kjem til vatnet går du over Geitebrua, kort etter tek råsa til Nibba av til venstre og går bratt opp lia. Over skoggrensa flatar det litt ut, deretter vidare mot Botnen, men rett før vatnet tek du til høgre opp til Nibba/Nibbehytta. Så følgjer råsa ryggen heilt til toppen og Traudalsnibba.