Nr. 16 : Fossheim - Sandalsstøylen

Klikk for stort bilete

- Lett tur
- Frå 320 til 710 moh
- 4 km
- Ca. 2 timar

Kort omtale av turen:

Frå Byrkjelo køyrer du opp i retning Utvikfjellet, men tar etter kort veg av til høgre mot Myklebust/Sanddal. Du køyrer litt forbi Sanddal og til Fossheim.

Parkering på inngjerda område til den nedlagde skulen på Fossheim, rett på nedsida av fylkesvegen (litt unøyaktig markert på turkartet)

Turen startar langs fylkesvegen over brua og tek så opp til venstre. Ein følgjer traktorveg om lag ein kilometer til ein har passert gjerde med grind mellom utmark og innmark.  Her kan ein halde fram på bratt traktorveg nesten heilt fram til Fossheimsstøylen, som er det klart beste valget på vinteren. Eit betre alternativ på sommarføre er å ta av frå traktorvegen og følgje den gamle støylsråsa opp lia. Eit stykke opp i lia deler råsa seg, og ein kan velje å gå rett mot Sandalsstøylen (ikkje merka eller markert på turkartet) eller gå via Fossheimsstøylen. Det er ein del våte parti på råsa mellom støylane. I tillegg til å vere verd eit besøk i seg sjølv, er desse støylane også fine utgangspunkt for lengre umerka turar, både sommar og vinter.