Nr. 15 : Gjengedalsstøylen - Ommedal

Klikk for stort bilete

- Middels tur
- Frå 490 - 820 - 60 moh
- 10 km
- Ca. 4 timar

Kort omtale av turen:

Dette er ei rute der det er praktisk å vere fleire i følgje og ha ein bil i kvar ende. Frå fv.615 følg skilting mot Gjengedal. I Ommedal kan ein bil plasserast rett før vegen kryssar elva. Alternativt, dersom ein heller vil gå støylsvegen enn den merka støylsråsa frå Ommedalsstøylen, er det råd å parkere der støylsvegen tek til litt nærare Hyen. Bilvegen held fram vidare til Gjengedal og går litt etter bygda over til god bomveg fram til romsleg parkeringsplass litt før Gjengedalsstøylen.

 Frå Gjengedalsstøylen går du råsa opp til Vasslivatnet og vidare opp på Skarvane, før du går ned igjen langsmed vatnet. I enden av vatnet går råsa nedover til Ommedalsstøylen. Støylsråsa nedatt til Ommedal går på sørsida av elva, med nokre våte parti nærast støylen. På grunn av støylsvegen ber nok råsa preg av å vere betydeleg mindre brukt enn tidlegare, men den er likevel lett å finne, og betre for føtene enn den bratte støylsvegen. .