Nr 14 : Hope - Gjegnabu

Klikk for stort bilete

- Krevjande tur
- Frå 140 til 1140 moh
- 7 km
- Ca. 5-6 timar ein veg

Kort omtale av turen:

Ta Fv-615 til Hope i Hyen og sving av oppover grusveg langs ei elv. Vegen er ikkje offisielt skilta, men det står treskilt med Gjegnabu i vegkanten på oppsida av fylkesvegen (vanskeleg å sjå når ein kjem frå Sandane) Her er råd å parkere ein del bilar i første svingen. Dei første vel to kilometrane går på skogsveg som slyngar seg opp den bratte lia. Litt etter siste svingen på vegen, tek råsa opp til høgre. Den går så skrått opp og innetter lia gjennom skog og myr. Terrenget her er ganske vått heilt fram til "Lavesteinen", ein stor stein som heng delvis framover ein terrengkant. Herifrå er det fint utsyn over bygda Hope og Hopsvatnet.

Du er no komen over skoggrensa og er snart over på fast fjell med litt ur innimellom, men med svært lite vegetasjon. Ruta følgjer varder og anna merking vidare oppetter lia mot nordvest, til terrenget flatar ut og ein rundar mot nord fram til hytta. Gjegnabu har ei fantastisk plassering og er vel verd eit besøk i seg sjølv. Den er også eit fint utgangspunkt for lengre turar i eit storslått fjellandskap, men dei fleste turane i dette området krev ei viss erfaring med, og ulikt omfang av utstyr for å krysse bre.