Nr. 12 : Holvik - Holvikfossen

Klikk for stort bilete Ronny Solheim

- Middels tur
- Frå 100 til 400 moh
- 1,5 km
- Ca. 0,5-1 time

Kort omtale av turen:

Start frå høgre side av E39 når du køyrer i retning Anda/Lote, avkøyrsla er merka med skilt til Trivselsskogen. Her er stor og god parkeringsplass. 

Råsa, som er delvis steinsett av sherpaer og elles dekka av bark, passerer rett forbi fossen og det nye flotte Fosseteateret! Meir info på sida til Trivselsskogen.

Det er nydeleg utsikt frå kanten av stupet på Fosseteateret der elva fossar utfor.

Når du først har tatt turen opp til fossen er det flott å ta heile runden i Trivselsskogen og gå vidare til Utsikten og så ned til dagsturhytta - Draumekvila vidare via Kjærleiksskogen og Solplatået og tilbake til parkeringsplassen.