Nr. 11 : Byrkjelo - Melkebakksteinen

Klikk for stort bilete

- Middels tur
- Frå 138 til 600 moh
- 2,7 km
- 2,5 timar

Kort omtale av turen:

Turen kan starte frå meierianlegget på Byrkjelo ( ikkje merka på kartet ) eller frå skytebana i Urda. Du går opp til Byrkjelostøylen og råsa vidare til Melkebakksteinen er godt synleg. Råsa stoppar brått ved steinen omtrent halvvegs til Vora. Her er det flott utsikt til Breimsbygda i vest og Sandalsfossen i aust.