Nr. 1 : Vereide - Haugsvarden

Flott utsikt over fjorden - Klikk for stort bileteFlott utsikt over fjorden Siv K. Haugen

- Middels tur
- Frå 60 til 862 moh
- 5 km
- Ca 3 timar

Kort omtale av turen:

Ta av frå E39 mot Vereide frå Sandane og så første veg til høgre langs E39, her kan ein parkere på parkeringsplass ved den restaurete gravhaugen. Følg grusveg langs E39 og gå deretter over på ein gamal traktorveg opp til Skor.

Ta råsa opp forbi Skorstøylen og vidare til Tystadstøylen. Her går du over Høgefjellet og deretter forbi Lomvatnet før du kjem til Haugsvarden.

Det går også å køyre opp støylsvegar frå fjellbygda til Tystadstøylen  (hugs å betale bompengar) og starte turen herfrå.