Gjegnabu (Nr. 14)

Gjegnabu i Solnedgang Alf Erik Røyrvik Krevjande tur

  • Frå 160 til 1200 moh
  • 5,3 km
  • Om lag 4 timar ein veg

Kort omtale av turen:

Ta fv 615 til Hope i Hyen og ta av på grusveg til bruka som ligg på Bakken på nordsida av fylkesvegen. Avkøyringa er skilta. Her kan ein enten parkere på parkeringsplass ved eine gardstunet. Her er og toalett (biodo) som er open for ålmenta. Ein kan og køyre vidare oppover 1 km på grusveg til parkeringsplassen på Nakkane (følg skilting).

Dei første om lag to kilometrane går ein på skogsveg som slyngar seg opp den bratte lia. Følg denne nesten til enden. Her er det skilta kor ein skal ta av vidare oppover i lia. Her går stien oppover lia i ganske bratt og litt vått terreng, men stien er godt merka og dei våtaste partia er utbetra opp til Lavesteinen (730 moh). Her er det fin utsikt over Hope og oppover Vestredalen.

Utsikt til Hope i Hyen Alf Erik Røyrvik

Du er no komen over skoggrensa og er snart over på fast fjell med litt ur innimellom, men med svært lite vegetasjon. Ruta følgjer varder og anna merking vidare oppetter lia mot nordvest, til terrenget flatar ut og ein rundar mot nord fram til hytta. Gjegnabu har ei fantastisk plassering og er vel verd eit besøk i seg sjølv. Den er også eit fint utgangspunkt for lengre turar i eit storslått fjellandskap, men dei fleste turane i dette området krev ei viss erfaring med, og ulikt omfang av utstyr for å krysse bre.

Turen til Gjegnabu er klassifisert som krevjande fordi det er sopass mykje stigning og den går i eit område som har mykje ver. Men stien er god å gå og lett å følgje, og ein treng ikkje spesielt utstyr eller spesielle ferdigheiter for å gå til Gjegnabu. Men pass på å ha med kle og mat, og ver budd på skiftande ver.

Gjegnabu Katrine Fjellestad Aske