Treng du teste deg for koronasmitte?

Generelt om testing

Kven MÅ teste seg?

  • Alle må teste seg ved symptom – Også vaksinerte, uavhengig om dei har vore nærkontakter eller berre har fått symptom på øvre luftvegsinfeksjon. 

Kven treng ikkje teste seg

  • fullvaksinerte øvrige nærkontakter (som ikkje har symptom) 
  • dei som har gjennomgått covid-19 de siste 12 mnd (som ikkje har symptom)

Testing – Kva for ein test og kor ofte?

Ved symptom på covid-19: Test med PCR etter kontakt til Gloppen legesenter.
Test uvaksinerte og delvaksinerte nære nærkontakter: Daglig sjølvtesting frå framre nase med antigen hurtigtest i 7 dagar etter siste eksponering.
Test fullvaksinerte nære nærkontakter: To sjølvtestar i løpet av 7 dagar.
Test av uvaksinerte og delvaksinerte øvrige nærkontakter: Frivillig test, men det er anbefalt å ta to sjølvtestar med eit døgns mellomrom heime.

Det er smittesporingsteamet i Gloppen som disponerer og administrerer utlevering av sjølvtestar i samband med smitte i kommunen. Nærkontakter som er anbefalt å teste seg kan få utdelt testar ved teststasjonen. 

Hurtigtest til nærkontakter vert utdelt kvardagar kl 13 ved rød brakke ved Gloppen Legesenter. Møt om mogleg opp i bil. Levering gjennom bilvindu. (helg: sjå eigen informasjon på nyhetsside dei helgane det er akturelt)

Instruksjon for testing med sjølvtest i framre nase