Koronavaksine 3. dose - oppfriskingsdose

Alle over 18 år får no tilbod om ei oppfriskingsdose av koronavaksine, dette er i tråd med nasjonale anbefalingar. 

Tid mellom 2. og 3. dose

Det er anbefalt 20 veker mellom dose 2 og dose 3.
Dersom du ikkje hugsa dato for når tid du fekk dose 2, kan du logge deg inn på helsenorge.no og sjekke din vaksinasjonsdato der (koronasertifikat)

Har du hatt korona?

Ta kontakt med vaksinasjonsteamet så hjelper vi deg med spørsmål du har ang vaksine!

Vaksinasjonsdatoar

I Gloppen vaksinerer vi ved Gloppen legesenter følgande dagar: 
Laurdag 8. januar
Torsdag 13. januar 
Torsdag 27. januar 
torsdag 17. februar

Bestill deg time

Vi ber om at alle som vil ha ei oppfriskingsdose/dose 3 er raske med å bestille seg time for vaksinering.

 Logg deg inn og bestill din eigen time via Pasientsky

logg deg inn her

eller ring vaksinetelefonen på mobilnummer 91 76 91 46.  

Kvifor ei oppfriskingsdose/ 3. dose?

Ei oppfriskningsdose er ei vaksine til personar som har hatt god effekt av dei to fyrste vaksinedosene, men som over tid får dårlegare beskyttelse mot å bli alvorlig sjuk eller dø dersom dei vert smitta med koronaviruset. Målet med ei slik oppfriskningsdose er å auke beskyttelsen mot å bli alvorleg sjuk ved smitte, betre forutsetningane for høg grad av beskyttelse også mot nye virusvariantar, i tillegg til å forlenge beskyttelsen.

Slik finn du fram i pasientsky.no

Logg deg inn. Deretter vel du "bestill ny konsultasjon". I det neste bildet under klinikk/info klikker du i boksen for behandler, og heilt nederst på denne lista ligg der eit val som heiter Vaksine - Legesenter.  Deretter vel du aktuell dato for vaksinering (dei aktuelle datoane i november og desember er markert med grøn farge). Når du har valgt dato og tid avsluttar du med å klikke på "bekreft". 

Omtrent slik vil det sjå ut: 

  

Meir informasjon om vaksinebestilling her