Er du nærkontakt og/eller har fått positiv hurtigtestprøve på korona?

Informasjon til personar som er nærkontakter til smitta og dei som får positiv prøve etter testing med hurtig-test.

Er du nærkontakt til smitta, kva gjer du?

Øvrige nærkontakter:

  • Fullvaksinerte med symptom og uvaksinerte/delvaksinerte nærkontakter bør teste seg
  • Utdeling av hurtigtestar til nærkontakter ved rød brakke ved Gloppen legesenter mandag til fredag kl 13.  (helg: finn informasjon her)
  • Møt om mogleg opp i bil. Levering gjennom bilvinduet.
    Alle vil få utdelt pakke med hurtigtestar som inneheld alt utstyr som trengs, samt en rettleiar. Link til instruksjonsvideo: Instruksjonsvideo for SARS-CoV-2 Antigen nasal selvtest fra Roche 
  • Friske nærkontakter kan fortsette i arbeid, skule, barnehage eller andre aktivitetar også før dei har fått utlevert testar til testing.
  • Vi anbefalar at delvaksinerte og uvaksinerte øvrige nærkontakter tek to testar med 24 timars mellomrom. Dersom test er negativ kan du leve som normalt.
  • Ver oppmerksom på symptom i 10 dagar etter kontakt med smitta.
  • Ha lav terskel for ny testing ved symptom.

Nære nærkontakter - Husstandsmedlemmer eller tilsvarande:

  • Er du ikkje vaksinert eller delvaksinert og er definert som nær nærkontakt (husstandsmedlem eller tilsvarande), har du testplikt.
  • Fullvaksinerte nære nærkontakter er anbefalt testing. 
  • Karantene kan vere aktuelt, ha dialog med smittesporingsteamet om dette (telefon kvardagar 57883800)

Kven er nærkontakter:

For å vere nærkontakt må du ha vore i direkte kontakt med ein smitta. Vi har to typer nærkontakter:

  • Nære nærkontakter er alle husstandsmedlemmer eller tilsvarande. 
  • Øvrige nærkontakter er personar som ein har vore i lag med nærmere enn 2 meter i meir enn 15 min eller har hatt direkte berøringskontakt med. 

For meir informasjon om nærkontakter - sjå artikkel på FHI  

Hos barn vil det ofte være vanskelig å avgjere graden av nærkontakt. Ved usikkerhet vurderast dei som nærkontakter

Positiv test – kva gjer du?

  • Gå i isolasjon med ein gong (rettleiing om isolasjon her
  • Ta kontakt med smittesporingsteam (ring servicetorget 57 88 38 00) - Får du positiv test etter arbeidstid, ring neste morgon. (Helg: finn informasjon her)
  • Informer alle nærkontakter (også vaksinerte)
  • Den smitta eller føresette til smitta må sjølv spore opp nærkontaktene frå 48 timar før positiv prøve eller frå 48 timar før symptom starta. Deretter skal nærkontaktene følgje instruksjonane over.  
  • Ved betydelig forverring av sjukdom ta kontakt med lege.
  • Oppfølging frå kommunen av den smitta med familie etter individuell vurdering.