Oppdatert 3. april 2020

Butikkane i Gloppen ynskjer å halde aktiviteten oppe, og no har dei aller fleste opne dører.

Ordførar, helsesjukepleiar og oppvekstsjef hadde direktesendt nettmøte i samband med Koronasituasjonen 2. april 2020. Her svarte dei på spørsmål frå elevane og elles snakka dei om aktuelle ting i samband Koronaviruset. 

Alle med øvre luftvegsinfeksjon har forbod mot å kome inn på legesenteret og må følgje den informasjon dei får på telefon ved kontakt med legesenteret.

Legane har opna opp for fleire kontrollar på legesenteret frå måndag 30. mars 2020.

Treng du ta kontakt, ring 57 88 44 40 eller 116 117 utanom vanleg opningstid.

Vi får ein del spørsmål om påskeferien og kva reglar som gjeld for besøk i denne. Ein lurer på om ein vert sett i karantene, og om Gloppen har innført noko forbud mot innreise til kommunen?
Til begge desse spørsmåla er svaret nei. Dersom du reiser innanlands er det ingen karantenereglar, så lenge du er frisk og symptomfri.
Det er heller ikkje innført noko innreiseforbud til kommuen.
 

I lys av den svært uvanlege situasjonen vi står opp, ønskjer vi å bidra med nyttig og praktisk informasjon om “Likviditetsstyring i krisetider”. Det vert óg ei orientering om status for næringslivet i regionen på bakgrunn av spørjeundersøkinga som pågår i desse dagar i regi av Nordfjordrådet. 

Oppdatert 23. mars 2020 

Oppdatert 21. mars 2020

Er du permittert, eller av andre årsaker har tid til overs? Gloppen kommune kan ha bruk for ekstra personell med relevant bakgrunn som kan brukast ved behov i samband med korona-pandemien.

I Gloppen, som rundt oss i heile landet, gjer vi no vårt ytterste for å stanse spreiinga av Koronaviruset. Situasjonen er alvorleg, med folketomme gater og stengde tilbod over heile fjøla.