Koronavaksinering i Gloppen

Gloppen starta å vaksinere  i veke 1 i 2021. Fordeling av vaksiner til kommunane skjer nasjonalt, og vi får informasjon om mengder og vaksinetype veke for veke. Kommunen held oversikt over innbyggjarane med lister henta ut frå Folkeregisteret. 

Vaksinering vert administrert av eit eige vaksinasjonsteam - ikkje ring legesenteret. Kontaktinfo nederst i artikkelen. 

Prioritering av vaksine

Vi føl retningslinjene frå FHI i forhold til prioritert rekkefølge.  Kven får koronavaksine? - Prioriteringsrekkefølgje

Alle over 12 år har fått tilbod om vaksine. Det er framleis mogleg å få vaksine i Gloppen. Ta kontakt på vaksinetelefonen.

Har du vore i tvil eller har du endra meining?

Har du tidlegare takka nei, og ombestemt deg?  ta kontakt med Servicetorget eller vaksinasjonsteamet.

Har du tidlegare hatt alvorlege allergiske reaksjonar?  -  Bestill deg ein legetime og avklar dette med legen din. 

Dose 1

Denne timen skal du bestille sjølv

Dose 2

Denne timen vert tildelt automatisk i Pasientsky

Du skal ikkje bestille denne timen sjølv. 

Tidspunkt for andre dose vert tildelt med standard doseintervall og kan som hovudregel ikkje endrast. Det er viktig at du føl med i Pasientsky, for timen din blir tildelt her. Hugs å sjekk under "min profil" i Pasientsky at ditt telefonnummer og epost er korrekt, slik at du mottek varsel.

Vi vil kun endre tidspunkt for andre dose om dette er naudsynt av omsyn til:

  • Akutt eller planlagt medisinsk behandling 
  • Karantene eller isolasjon 
  • Arbeidsreiser av lengre varigheit som vanskeleg kan endrast

Dose 3

  • Personar med alvorleg imunsvikt   - Dei som er prioritert til ei 3. dose vaksine får skriftleg tilbod om vaksinering frå spesialisthelsetenesta, Nokre vil bli innkalla til vaksinasjon ved sjukehuset, andre vil få vaksine i kommunen. Sjå fullstendig informasjon her

  • Personar, 65 år og eldre - Alle som er 65 år og eldre skal få tilbod om ei oppfriskingsdose. I Gloppen vil vi truleg starte med denne vaksineringa i veke 46. Vi er i gang med å planlegge  - og kjem med informasjon om timebestilling så snart vi har lagt ein plan. 

Har du fått vaksinasjonstime og må avbestille?

Dei som må avbestille vaksinasjonstimen sin må ringe vaksinasjonstemaet på mobilnummer 91 76 91 46. 

Kor mange innbyggjarar er det i dei ulike aldersgruppene i Gloppen kommune?

  • 85 år og eldre:   195 personar (født 1936 og eldre)
  • 75-84 år:             418 personar (født 1937 - 1946)
  • 65-74 år:              744 personar (født 1947 - 1956)
  • 55-64 år:              725 personar (født 1957 - 1966)
  • 45-54 år:              752 personar (født 1967 - 1976)
  • 40-44 år:              315 personar (født 1977 - 1981)
  • 25-39 år:              925 personar (født 1982 - 1996)
  • 18-24 år:              520 personar (født 1997 - 2003)
  • 16-17 år:               205 personar (født 2004 - 2005)
  • 12-15 år:               312 personar (født 2006 - 2009)

Pris

Vaksina er gratis

Ikkje folkeregistrert i Gloppen?

Er du folkeregistrert i annan kommune, men oppheld deg i Gloppen og ynskjer vaksine? Ta kontakt med vaksinasjonstemaet slik at vi får registrert deg. 

Kva for typar vaksiner har Gloppen motteke? - og tid mellom dosene?

 

Spikevax (Moderna)

2 doser. Antal veker mellom dose 1 og 2: minimum 4 veker.

Comirnaty (Pfizer)

2 doser. Antal veker mellom dose 1 og 2: minimum 3 veker.

  • NB! Personar som får behandling med medisinar som gir alvorleg svekking av immunsystemet som til dømes ved blodkreftsjukdom, immunsviktsjukdom, beinmergstransplanterte, organtransplanterte og liknande tilstandar bør, så langt det er mogeleg, vaksinerast med tre veker mellom dosane. Om du er i denne gruppa, ber vi deg om å gi beskjed ved påmelding/innkalling til vaksinasjon og ved oppmøte til første dose.

AstraZeneca (Bruk av denne er stoppa av FHI)

Gloppen mottok, og sette denne vaksina, i veke 8, 9 og 10.  FHI har stoppa all bruk og utsending av denne vaksinetypen. Dei som fekk denne som fyrste dose fekk tilbod om Comirnaty (Pfizer) som dose 2.

Informasjon om vaksinetypane

Treng du meir informasjon?

Meir informasjon om koronavaksine:  Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp  

Informasjon om vaksine på ulike språk

Kontakt

Servicetorget: 57 88 38 00

Vaksinasjonsteam: 91 76 91 46