Vaksine til 16-17 åringar - født 2004 og 2005

Regjeringa har bestemt at alle født i 2004 og 2005 skal få tilbod om koronavaksine på lik linje med den øvrige befolkninga født i 2003 eller tidlegare. 

Du kan bestille time på vaksinetelefonen tlf 91 76 91 46. 

Dei som ikkje er fyllt 16 år må ha med skriftleg samtykke-erklæring frå begge foreldrene.

Egenerklæring

Alle må lese gjennom sjekklista (egenerklæring) før dei tek i mot vaksine.

Gå til sjekkliste her

Samtykke til vaksinering

Dei som har fylt 16 år er helserettslig myndige og kan samtykke til vaksinasjon sjølv.
Dei som er født i 2005 og som ikkje er fyllt 16 år må ha med skriftleg samtykke-erklæring frå begge foreldra. Last ned skjema, signer, og ta den med til vaksinasjonstimen. 

Samtykkeskjema

FHI har to spesifikke anbefalingar for aldersgruppen 16-17 år:

  • Som et føre-var-prinsipp vert det anbefalt at 16-17-åringene fortrinnsvis, og der det praktisk er mulig, vert tilbydd Comirnaty fordi det så langt er mest erfaring med bruk av denne vaksina i denne aldersgruppa.
  • 16-17 åringene vert anbefalt eit intervall mellom første og andre dose på 8 – 12 veker. Årsaka til det er at unge har svært god immunrespons på vaksina, og vil vere beskytta mot alvorlig sykdom etter første dose. Nye studier har vist at eit langt intervall kan gje betre vaksinerespons, og i tillegg vil det gje tid til å innhente meir kunnskap om risiko for myokarditt etter andre vaksinedose.

Sjølv om det er få ungdommer som blir alvorlig sjuke av koronaviruset, er det ein del smitte blant 16-17-åringer. Vaksinasjon vil bidra til å beskytte dei få som kan bli alvorlig sjuke dersom dei vert smitta, i tillegg til å redusere smittespredning i samfunnet. Redusert smittespredning er nødvendig for å kunne lette på restriksjonar som har vore spesielt belastende for unge under pandemien. Som for eldre vil tilbudet gå til alle født i årskull 2004 og 2005. . Aldersgruppa 16 og 17 år vil være prioritert etter den voksne befolkning over 18 år.

Både vaksina fra BioNTech/Pfizer (Comirnaty) og vaksina fra Moderna (Spikevax) er godkjent til bruk frå 12 års. Det er no kjent at myokarditt (betennelse i hjertemuskelen) i sjeldne tilfeller kan oppstå etter vaksinasjon med mRNA-vaksinene. Tilstanden forekjem hyppigare i yngre aldersgrupper, blant gutar og i all hovedsak etter andre dose. kor hyppig tilstanden er, er foreløpig ikkje kjent. I USA er det rapportert forekomst på opptil 7 per 100 000 vaksinerte gutar i ungdomsalder, mens forekomsten i Israel er anslått å være hyppigare. Nyare forskning viser at dette er ein forbigående tilstand som oppstår etter vaksinasjon der dei fleste blir friske innan ein månad, og har god prognose. FHI har også innhenta råd fra norske hjertespesialistar som meiner at denne sjeldne bivirkninga ikkje bør være til hinder for at ungdom får tilbud om vaksine. Covid-19 sjukdom hos ungdom kan gje meir alvorlig påvirkning av hjertet enn denne tilstanden som ein ser etter vaksinasjon.