Vaksinasjon av ungdom 12-15 år

Regjeringa har beslutta å følge Folkehelseinstituttet si anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 – 15 år.

Du kan bestille time på vaksinetelefonen tlf 91 76 91 46. 

Barn og unge blir sjeldan alvorlig sjuke av covid-19, og dei aller fleste får ingen eller lite symptom på sjukdom. I ei tid med mykje smitte i denne aldersgruppa meiner FHI likevel at det er rett å tilby vaksine også til denne gruppa slik at dei kan beskytte seg mot alvorlig forløp av sjukdomen, inkludert den sjeldne men alvorlige komplikasjonen MIS-C. MIS-C er en betennelsestilstand som kan oppstå hos enkelte 2-6 veker etter koronainfeksjon.  Sjå informasjonsbrev frå FHI

Folkehelseinstituttet anbefalar at det vert gitt tilbod om vaksina Comirnaty fra BioNTech/Pfizer då det føreligg større erfaring med bruk av denne vaksina i denne aldersgruppa.

Frå fyllte 12 år

Koronavaksina som vert tilbudt er godkjent frå 12 år og oppover. Tilbudet gjelder årskulla 2006, 2007 og 2008, samt alle fra årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år. 

Ei dose

Vaksinasjonen skal bestå av éi dose i denne omgang. Ungdom i alderen 12-15 år har generelt svært god effekt av vaksinasjon, ei dose gir god beskyttelse mot alvorlig sjukdom og beskyttelsen vil sannsynligvis være betre hos ungdom i denne alderen enn for eldre aldersgrupper. I tillegg er det sikkerhetsaspekt som ligg til grunn for at det no vert tilbudt berre ei dose. Det er beskrive av ein sjeldan bivirkning i form av hjertebetennelse (myokarditt), etter bruk av mRNA-vaksiner, særlig hos unge mennesker. Bivirkninga oppstår i all hovedsak etter 2. dose, og er forbigåande slik at dei fleste blir friske innan ein månad. Folkehelseinstituttet si vurdering er at tilbodet om éi dose er det som gir den tydeligaste gevinsten for den enkelte ungdom når nytte/ulemper av vaksina skal vurderast. Eit eventuelt behov for andre dose vil vurderast når det føreligg meir kunnskap frå andre land som har komt lenger i vaksinasjonen av denne aldersgruppa.

Samtykke

For personar under 16 år er det føresette som tek helsemessige beslutningar, men barn og ungdom, skal bli høyrt i beslutningar som gjeld eiga helse. For koronavaksinasjon hjå ungdom under 16 år vert det kravd samtykke frå begge føresette ved felles foreldreansvar.

Samtykkeskjema finn du her