Sjekkliste til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Gå gjennom denne før du bestiller tid for vaksinasjon

Om du svarar ja på følgjande spørsmål, må du avklare vaksinering med legen din før du bestiller time. 

  • Har du tidlegare hatt alvorleg (livstruande) allergisk reaksjon på andre vaksinar, mat, medisinar eller anna?
  • Har du hatt allergisk reaksjon på denne vaksinen eller innhaldsstoffa tidlegare?

Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon om du på vaksinasjonsdagen:

  • Har feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom. 
  • Har vore gjennom koronasjukdom (covid-19) for mindre enn 3 veker sidan.
  • Har blitt vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar.

Gje melding så raskt som mogleg til vaksinasjonsteamet. Vaksinasjonen vil då bli utsett.