Slik gjer du
VIKTIG! Det fyrste du må gjere før vaksinering er å lese gjennom sjekklista:
Gå til sjekkliste her
Har du hatt korona?
Ta kontakt med vaksinasjonsteamet så hjelper vi deg med spørsmål du har ang vaksine!
Dose 1 og dose 2
Vaksinasjonstimen bestiller du gjennom Pasientsky eller ta kontakt med vaksinasjonsteamet, Sjå kontaktinfo nederst.
Dose 3 (oppfriskingsdose)
- Personar med alvorleg imunsvikt - Dei som er prioritert til ei 3. dose vaksine får skriftleg tilbod om vaksinering frå spesialisthelsetenesta, Nokre vil bli innkalla til vaksinasjon ved sjukehuset, andre vil få vaksine i kommunen. Sjå fullstendig informasjon her
- Personar 18 år og eldre, oppfriskingsdose. Tid mellom dose 2 og 3: 20 veker.
Dose 4 (oppfriskingsdose)
Desse er anbefalt å ta ei oppfriskingsdose:
- Personar med alvorleg svekka immunforsvar
- Personar som er 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Personar i aldersgruppa 18-64 med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19. NB! Oppstart for vaksinering av denne gruppa når FHI kjem med anbefalingar om dette
Anbefalinga om 4. dose gjeld uavhengig om ein har gjennomgått sjukdom etter forrige oppfriskingsdose (dose 3). Dosa kan gjevast tidlegast 3 veker etter gjennomgått koronasjukdom, eller 4 månadar etter siste vaksinedose.
Dose 5
Vaksinasjonsdatoar
I Gloppen vaksinerer vi ved Gloppen legesenter følgande dagar:
- Torsdag 25. august - for personar 75 år og eldre
- Torsdag 8. september - for personar 65 år og eldre, og i aldersgruppa 18-64 med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19
Kan du ikkje møte til avtalt/bestilt time?
Ring servicetorget.
Bestille time / Spørsmål? / kontaktinformasjon
Ikkje ring legesenteret!
Bestill din eigen time via pasientsky - Gå til pasientsky her
Har du spørsmål om vaksinering og/eller timebestilling, ta kontakt med servicetorget på 57 88 38 00 som set deg vidare til den som har ansvar for vaksinasjon.
Utfyllande informasjon
FHI sin informasjon om vaksinering
Lær deg å bruke Pasientsky
Kven får sms? Innbyggjarvarsling
Informasjon om vaksine på ulike språk