Bestill vaksinasjonstime

Ikkje ring legesenteret for timebestilling til vaksine! Vaksinasjon vert administrert av eit eige vaksinasjonsteam - sjå kontaktinfo nederst i artikkelen

OBS! Ikkje bestill dose 2 sjølv - den får du tildelt. 

Det er svært viktig at alle loggar inn i Pasientsky og sjekkar kva tid dei er sett opp til vaksine-time. Ta kontakt på vaksinetelefonen dersom noko er uklart. Ring og avbestill om du ikkje kan kome!

Vi vil motta vaksiner frå både BioNTech/Pfizer (Comirnaty) og Moderna (Spikevax). Dette betyr at mange som mottok Comirnaty som dose 1 vil motta Spikevax som dose 2. Som kommunisert tidligare så er dei to tilgjengelige mRNA-vaksinene, Spikevax og Comirnaty, som likeverdige. Dei bygger på den same teknologien, og det å kombinere ulike koronavaksiner gjev minst like god beskyttelse og medfører ikkje større risiko for alvorlige bivirkningar, enn det å få vaksine fra same produsent. Du kan ikkje velge kva vaksinetype du skal få.
 
Obs - etter vaksinasjon må du vente i 20 minutt. 

Slik gjer du

VIKTIG! Det fyrste du må gjere før bestilling er å lese gjennom sjekklista:

Gå til sjekkliste her

Dose 1

Denne timen skal du bestille sjølv 

Vaksinasjonstimen bestiller du ved å ta kontakt med vaksinasjonsteamet, sjå kontaktinfo nederst.

Dose 2

Denne timen vert tildelt automatisk i Pasientsky

Du skal ikkje bestille denne timen sjølv. 

Tidspunkt for andre dose vert tildelt med standard doseintervall og kan som hovudregel ikkje endrast. Det er viktig at du føl med i di Pasientsky, for timen din blir tildelt her. Hugs å sjekk under "min profil" i Pasientsky at ditt telefonnummer og epost er korrekt, slik at du mottek varsel.

Vi vil kun endre tidspunkt for andre dose om dette er naudsynt av omsyn til:

  • Akutt eller planlagt medisinsk behandling 
  • Karantene eller isolasjon 
  • Arbeidsreiser av lengre varigheit som vanskeleg kan endrast. 

Gå til pasientsky her

Dose 3

Dei som er prioritert til ei 3. dose vaksine får skriftleg tilbod om vaksinering frå spesialisthelsetenesta, Nokre vil bli innkalla til vaksinasjon ved sjukehuset, andre vil få vaksine i kommunen. Sjå fullstendig informasjon her

Kan du ikkje møte til avtalt time?

Då må du ringe til vaksinasjonsteamet på telefon 91 76 91 46 

Ikkje avbestill timen direkte i Pasientsky utan å gje beskjed.

Spørsmål?

Har du spørsmål om timebestilling, ta kontakt med
Vaksinasjonsteamet på telefon 91 76 91 46 
eller servicetorget på 57 88 38 00.
Ikkje ring legesenteret. 

Utfyllande informasjon

Lær deg å bruke Pasientsky

Kven får sms? Innbyggjarvarsling

Informasjon om vaksine på ulike språk