Kva gjer du viss du mistenker at du er sjuk med koronaviruset?

Oppdatert 25. mars 2020

Kva gjer du om du har symptom på luftvegsinfeksjon?

  • Du skal ikkje ringe til legesenteret ved lettare symptom på luftvegsinfeksjon. 
  • Ta berre kontakt med legesenteret eller legevakt dersom du føler deg så sjuk at du elles ville oppsøkt lege. 
  • Meld frå til din arbeidsleiar om at du er heime frå arbeid grunna luftvegsinfeksjon. 
  • Har du risikofaktorar (er i karantene grunna opphald i utlandet, eller har vore i nærkontakt med person med påvist koronainfeksjon) skal du vere isolert inntil 7 dagar etter at du er symptomfri.  
  • Har du ikkje risikofaktorar skal du vere heime frå arbeid inntil 1 døgn etter symptomfrihet.  
  • Er du helsepersonell eller anna kritisk personell, utan risikofaktorer, skal du ta kontakt med din leiar med tanke på behov for prøvetaking og for å avklare om du kan gå tilbake til arbeid.

Kontakt med lege av andre årsaker enn luftvegsinfeksjon? 

  • Tenk gjennom om problemstillinga di kan vente. 
  • Unngå fysisk oppmøte om dette ikkje er nødvendig. 
  • Ved akutt alvorleg sykdom ta kontakt med legesenteret via telefon 5788 4440 eller 
  • Legevakt på 116117 utanfor normal åpningstid.
  • Opplys viss du dei seinaste 14 dagar har vore sjuk med luftvegsinfeksjon.  
  • Møt ikkje opp uten at det er avtalt med legesenteret i forkant. 
  • Følg instruksjonen du har fått på telefon.

Nasjonal informasjon

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet føl nøye med på virusutbrotet. Du vil finne oppdatert informasjon og fakta på dei nasjonale nettsidene:
• Folkehelseinstituttet
• Helsedirektoratet

Rutiner for kontakt med Gloppen legesenter - oppdatert 16. mars 2020