For tilsette i Gloppen

Gloppen kommune følger nasjonale pålegg og retningslinjer for å handtere utbrotet av koronavirus. Om du har spørsmål, så kan du kontakte din nærmaste leiar.

Generelt

  • Bruk heimekontor om du har mogelegheit til det
  • Har du telefon på jobb så ta denne med deg om du vert på heimekontor
  • Matpausen tek du på kontoret, ikkje bruk felles kantine
  • Vi avgrensar tilgangen til heradshuset og andre kommunale kontor og ber alle besøkande om å ringe i staden for å kome innom
  • IKT lagar oppskrift om heimekontor og bruk av Skype og legg denne på intranett
  • Cisco AnyConnect skal brukast kun av dei som skal på sikker sone (fyrst og fremst innan helse)

Kurs og opplæring

  • Kurs og opplæring skal ikkje gjennomførast  på tvers av sektorar/einingar.

Møte

  • Interne einingsvise kurs/møte kan gjennomførast. Møte med fleire enn 2-3 personar skal gjennomførast i  store møterom der ein kan halde god avstand frå kvarandre 
  • Kommunalt tilsette skal ikkje delta i møter i arbeidstid utanfor kommunen inntil vidare.

Reiser

  • Ikkje legg ut på ferie no.
  • Er du helsepersonell treng vi deg - og må du reise utanfor tidlegare Sogn og Fjordane fylkesgrense bør det vere svært godt begrunna.
  • Har du hytte i anna kommune enn Gloppen - ikkje reis dit på overnatting.
  • Vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser på dagtid utanfor kommunen som ikkje er strengt nødvendig, unngå offentleg transport hvis du kan og unngå stadar der det lett kan oppstå nærkontakt med andre. 
  • Føl elles nasjonale reglar

Karantene

  • Alle tilsette er pliktige å følge lokale og nasjonale reglar for karantene

Overtid

  • All pålagt arbeid i samband med krisa er pålagt overtid

Kva rettar har tilsette til sjukmelding ? 

Kven må vere heime med barn og ta eigenmelding?

Dei tilsette som arbeidar i helse og omsorg er i desse tider prioritert til å gå på jobb. 
Det kan vurderast i denne fasen av utbrotet, at helsepersonell kan være heime med eigenmelding. Einingsleiar i helsetenestene er ansvarlege for å prioritere ut frå behov i eininga og mot overtid/vikarbudsjett då behovet for vikarar mest sannsynleg vil auke ettersom smitta spreiar seg. 

Arbeidsgjevar til ikkje kritisk personell må då være innforstått med at helsepersonell i denne situasjonen må prioriterast til å gå på arbeid, og at deira tilsette må være heime med eigenmelding. Staten har utvida eigenmeldingsdagane og arbeidsgjevar betaler dei 3 første fråværsdagane, staten refunderer resten. 

Kommunen si rolle som arbeidsgivar

KS har samla ei mengd spørsmål og svar knytt til kommunen si rolle som arbeidsgivar i samband med korona.