Stengde barnehagar og skular

Oppdatert 25. mars 2020

Barnehagar og skular er stengde til og med 13. april. Det kan verte forlenga. Barnehagane og skulane vil informere ut til sine foreldre og barn. Skulane vil informere om skulearbeid og arbeidsplanar i perioden og korleis kome i kontakt med lærar.

Kritiske samfunnsfunksjonar

Til barn av personell som jobbar i kritiske samfunnsfunksjonar skal vi gje eit tilbod i perioden med stengde barnehagar og skular.
Det vil gjelde barnehagebarn, barn i 1. – 7. klasse og barn med særskilte omsorgsbehov. 

Din arbeidsgjevar må stadfeste at du er «kritisk nøkkelpersonell». Det er ikkje nok å jobbe innanfor ein bransje som er definert som samfunnskritisk. Begge foreldre må vere definert som samfunnskritisk nøkkelrolle. Du må og sjekke ut om det er andre som kan passe barna i denne perioden (partner/familie). 

Det du må gjere: 

Ta kontakt med din barnehage og skule i god tid på førehand, seinast kl. 12.00 dagen før. Vi treng å vite noko om behovet ditt, dagar, tidspunkt, skuleskyss osv.

Til deg som har barn med særlege behov

Ta kontakt med din barnehage eller skule.
 

Skulekvardagen - slik planlegg vi og gjennomfører undervisning

Nettmøte med ordførar, oppvekstsjef og helsesjukepleiar - 2. april 2020