Det er registrert 1 ny person som har testa positivt for korona det siste døgnet. Den smitta er nærkontakt til tidlegare smitta ved Nordstranda skule.

Personar som testar positivt for korona i helga kan ta kontakt med smittesporingsteam på tlf 99 09 94 95.

-Utdeling av hurtigtestar til nærkontakter ved raud brakke ved Gloppen legesenter begge dagar kl 13.

Det er registrert 4 nye personar som har testa positivt for korona det siste døgnet. Dei smitta er nærkontakter til tidlegare smitta i Austrheim barnehage.

Det er registrert 1 ny person som har testa positivt for korona det siste døgnet. Den smitta er knytt til Austrheim barnehage.

Det er ikkje registrert nye personar som har testa positivt for korona det siste døgnet.

Det er sidan 19.11.21 registrert 6 nye smitta.  5 av dei smitta er nærkontakter til tidlegare smitta ved Austrheim barnehage og Gloppen ungdomsskule og smittevegen er kjent. For ein av dei smitta er smitteveg ukjent.

Det er siste døgnet registrert 3 nye smitta.  Dei 3 er nærkontakter til tidlegare smitta ved Austrheim barnehage og Gloppen ungdomsskule og smittevegen er kjent.  

Det er siste døgnet registrert 4 nye smitta. 3 av dei smitta er nærkontakter og smitteveg er kjend. Desse 3 har tilknytning til tidlegare smitta ved Nordstranda skule, Gloppen ungdomsskule og Austrheim barnehage. Smitteveg for ein person er ukjent. 

Det er siste døgnet registrert 6 nye smitta. 5 av dei smitta er nærkontakter og smitteveg er kjend. Dei 5 smitta har tilknytning til tidlegare smitta ved Gloppen ungdomsskule, Mona barnehage, og Austrheim barnehage. Smitteveg for en person er ukjent. 

Det er siste døgnet registrert 1 ny smitta. Den smitta er nærkontakt og smitteveg er kjend. Den smitta er knytt til Firda vidaregåande skule, det er ingen nye nærkontakter.

Det er sidan fredag 12.11.21 kl 12 registrert 16 nye smitta.  Dette er eit litt høgre smittetal per dag enn tidlegare, men skuldast i hovudsak fleire smitta innad i 2 familiar. 12 av dei smitta er nærkontakter og smitteveg er kjend.

For 4 av dei smitta er smitteveg ukjend, smittesporing pågår.

Det er siste døgnet registrert 4 nye smitta.  Alle dei smitta er nærkontakter og smittevei er kjend. 3 av dei smitta er knytt til Mona barnehage. Det er til saman 77 smitta med korona i Gloppen sidan smitteutbrotet starta 22. oktober 2021.
For spørsmål til denne pressemeldinga ring ordførar Leidulf Gloppestad, tlf 977 86 989.

 

12.november 2021 - vurdering av kommuneoverlegen i Gloppen:

Det er siste døgnet registrert 4 nye smitta. Alle dei smitta er nærkontakter.  Av dei smitta er 1 knytt til Mona barnehage og 1 knytt til Gloppen ungdomskule. Totalt antall smitta med korona i Gloppen sidan smitteutbrotet starta 22.10.21. er 73 personar.

Det er siste døgnet registrert 3 nye smitta.  To av dei smitta er nærkontakter. For ein av dei smitta er smitteveg ukjend, smittesporing pågår.

Dei smitta er knytt til Nordstranda skule og Firda vidaregåande skule.

Det er siste døgnet registrert 3 nye smitta.  Alle dei smitta er nærkontakter og smittevei er kjend. Dei smitta er knytt til Mona barnehage og Firda vidaregåande skule.

Det er registrert 7 nye smitta sidan 05.11.21 kl 14. Alle dei smitta er nærkontakter og smittevei er kjend.

Det er i dag, 5. november kl kl 14, registrert 3 nye smitta. Det er til saman 56 smitta med korona i Gloppen sidan smitteutbrotet starta 22.10.21. Dei nye smitta er knytt til Nordstranda skule og Mona barnehage. Nærkontakter er varsla. Smitteveg er ukjend for ein av dei smitta. Dei andre smitta er nærkontakt til tidlegare smitta.

Det er i dag, 4. november kl 12 registrert 5 nye smitta. Det er til saman 53 smitta med korona i Gloppen sidan smitteutbrotet starta 22.10.21.

Dei nye smitta er knytt til Austrheim barnehage, Nordstranda barnehage og Nordstranda skule. Nærkontakter er varsla. Dei nye smitta er nærkontakt til tidlegare smitta.

Det er 03.11.21 kl 15 registrert 5 nye smitta. Det er til saman 48 smitta med korona i Gloppen sidan smitteutbrotet starta 22.10.21. Dei nye smitta er knytt til Nordstranda barnehage, Nordstranda skule, Sandane skule og Gloppen ungdomsskule. Dei smitta knytt til Nordstranda skule, Sandane skule og Gloppen ungdomsskule har ikkje vore tilstades på skulen, så det er ikkje nye nærkontakter ved skulane.