Kva betyr det å halde sosial avstand?

Oppdatert 18. mars 2020

Å halde sosial avstand er viktig for å begrense og forsinke utbrudd av covid-19

FHI har pr 16. mars 2020 teke i bruk 3 ulike nivå av sosial avstand i samfunnet. og dei deler det slik

  • Befolkninga generelt
  • Heimekarantene
  • Heimeisolering

Tiltaka er strengare dess større smittefare du kan utgjere. Befolkninga generelt er ikkje i karantene, men skal halde større avstand frå kvarandre enn vanleg. Dei som kan vere smitta, men ikkje er sjuke, er i karantene. Dei som er sjuke skal vere i isolering.

Gå til Folkehelseinstituttet sine råd for korleis du skal halde avstand i dei tre ulike nivåa