Karantene, unntak og isolasjon

Heimekarantene

Avstand, karantene og isolering

Definisjon av nærkontakt

Klikk for stort bilete

Presisering av flytskjema

  • Har du milde symptom skal du halde deg heime. (er du i tvil ta kontakt med legesenteret)
  • Testing skal skje ved feber, hoste og tungpust eller når lege vurderer at det er nødvendig. 

Det kan vere vanskelig å seie kvar skillet går mellom milde symptom som ikkje treng testast og alvorligare symptom som bør testast. Er du i tvil må du kontakte legesenteret. Legen vil be om ulike opplysningar, og samla sett gjere ei heilhetsvurdering av deg basert på symptom, type jobb og sannsynligheten for at du er smitta. 

Blir det bestemt at du skal testast, er det sidestilt med å vere mistenkt smitta og det betyr at

  • den testa må i isolasjon
  • nære pårørande eller andre nærkontakter må kun i karantene dersom det er sannsynlig at det er snakk om Covid-19 smitte.

Dette gjeld fram til ein får svar på prøvene. 

Heimekarantene

Gjeld personar som er friske, men som har vore i ein situasjon der dei kan ha blitt smitta. 
•    har vore i nærkontakt* med nokon som har fått påvist Covid-19  - 10 dagar karantene
•    har vore utanfor Norge. Dette er skildra her  - 10 dagar karantene

Dei som bur saman med ein person i heimekarantene skal ikkje være i heimekarantene, men skal som alle andre følgje med på eigne symptom.

Personar i karantene som får symptom på luftveisinfeksjon skal over i heimeisolasjon. 

Definisjon av nærkontakt: Tett kontakt med ein person som er bekrefta smitta med Covid-19 fra 48 timer før personen fekk symptom.  

Heimeisolering gjeld for personar som

  • har symptom på luftvegsinfeksjon, som har blitt testa eller skal teste seg for Covid-19.
  • er i heimekarantene og som utviklar symptom på luftvegsinfeksjon  
  • har fått påvist Covid-19, men som ikkje treng innlegging på sjukehus.

Personar som bur saman med nokon som er isolert med bekrefta covid-19 må vere i heimekarantene fram til isolasjon for den sjuke vert oppheva, og minimum 10 dagar etter karantena starta.

Personar som har fått påvist Covid-19 må vere isolert så lenge dei har symptom på sjukdom. Helsepersonell avgjer når isolasjonen kan avsluttast. 

Reisande med eller uten symptom 

  • Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagd opphaldsstad, men skal under reisa så langt det lar seg gjere halde avstand til andre. 
  • Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transport. 

Unntak for tilsette med samfunnskritiske oppgåver

Personer som er strengt naudsynte for å kunne halde i hevd forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjoner og ta i vare innbyggarane sine grunnleggande behov, inkludert personer som gjennomfører vare- og passasjertransport, er unntatt frå vedtaket. 

Presisering av reglar for karantene av helsepersonell

Viss grunnlaget for gjennomføring av prøven var symptom på luftvegsinfeksjon, og prøva gjev eit negativt svar, kan helsepersonell gå tilbake i jobb 

  • 1 døgn etter symptom frihet eller
  • etter unntak fra arbeidsgiver når det etter en risikovurdering finnes nødvendig for driften

Er helsepersonell testa som følgje av kontakt med smitta eller antatt smitte, opphevar ikkje den negative prøven karantenen.

Sjå meir om sosial avstand i ulike nivå her

Klikk for stort bilete