For tilsette i Gloppen

Gloppen kommune følger nasjonale pålegg og retningslinjer for å handtere utbrotet av koronavirus. Om du har spørsmål, så kan du kontakte din nærmaste leiar.

 

Møte

  • Interne einingsvise kurs/møte kan gjennomførast. Møtel gjennomførast i  store møterom der ein kan halde god avstand frå kvarandre etter nasjonale retningslinjer.  

Reiser

  • Ikkje legg ut på ferie no.
  • Vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser på som ikkje er strengt nødvendig, unngå offentleg transport hvis du kan og unngå stadar der det lett kan oppstå nærkontakt med andre. 
  • Føl elles nasjonale reglar

Karantene

  • Alle tilsette er pliktige å følge nasjonale reglar for karantene

Kva rettar har tilsette til sjukmelding ? 

Kven må vere heime med barn og ta eigenmelding?

Dei tilsette som arbeidar i helse og omsorg er i desse tider prioritert til å gå på jobb. 
Det kan vurderast i denne fasen av utbrotet, at helsepersonell kan være heime med eigenmelding. Einingsleiar i helsetenestene er ansvarlege for å prioritere ut frå behov i eininga og mot overtid/vikarbudsjett då behovet for vikarar mest sannsynleg vil auke ettersom smitta spreiar seg. 

Arbeidsgjevar til ikkje kritisk personell må då være innforstått med at helsepersonell i denne situasjonen må prioriterast til å gå på arbeid, og at deira tilsette må være heime med eigenmelding. Staten har utvida eigenmeldingsdagane og arbeidsgjevar betaler dei 3 første fråværsdagane, staten refunderer resten. 

Kommunen si rolle som arbeidsgivar

KS har samla ei mengd spørsmål og svar knytt til kommunen si rolle som arbeidsgivar i samband med korona.