Barnehagar og skular

Oppdatert 28. mai 2020

Barnehage 

Ny opningstid frå 2. juni vert kl. 07.30 – 16.00. Hyen barnehage har normalopningstid (07.45- 16.15). 
Ny vurdering vert gjort i slutten av veke 23.

Skule

Gloppen opplæringssenter

Tilnærma normal drift resten av året. GMU klassa i samarbeid med Firda vgs vil avspasere i veke 25.

Gloppen ungdomsskule 

8. og 9. klasse på skulen som vanleg ut året.
10. klasse følgjer plan som er lagt, kan kome mindre justeringar i veke 24 og 25. 

Sandane skule

Vanleg plan for 1. – 4. klasse som no
5. – 7. klasse skal ha heimeskule tysdag 2. juni, alle klasser på skulen frå onsdag 3. juni. 

Hyen skule

Normal drift som i dag for klassene ut året. 

Breim skule

Normal drift som i dag for klassene ut året. 

Nordstranda skule 

Normal drift som i dag for klassene ut året.

Skulefritidsordningane - SFO

Opningstider som i dag, som er 08.00 – 15.30 (Breim 08.00 – 16.00) 

Skuleavslutningar

7. og 10. klasse vert prioritert til å ha skuleavslutningar innanfor dei smittevernreglane som gjeld. 

Skuleskyss

Kommuneoverlegen har bestemt at vi og på skulebussane kan sjå vekk ifrå 1 meterskravet. Det betyr at elevar innanfor klassetrinn kan sitje på same sete og dei som er i familie kan sitje ilag som før. Det betyr plass til fleire på bussane. Kommunen oppmodar likevel dei som har høve til det å få anna transport til skulen.

Sjå smittevernrettleiar med nivåinndelingar (utdanningsdirektoratet)