Personvernombod for Gloppen og alle dei andre Nordfjordkommunane

Det er strenge internasjonale reglar om korleis vi som kommune skal lagre, vedlikehalde og slette personopplysingar.

EU kallar dette regelverket GDPR og det er innlemma i norsk lov som ny personopplysingslov

Dersom du ber om det, kan du få innsyn i kva for personopplysingar som kommunen har registrert om deg og du kan be om at opplysingar som er feil vert retta opp. Personvernombodet skal vere kontaktpunkt for dei som er registrerte med personopplysingar i Gloppen kommune. Dette gjeld i utgangspunktet alle som bur i kommunen. 

Vidare skal ombodet sikre at personvernreglane vert følgt opp i kommunen. Rådmannen (databehandlaransvarleg) har pålagt personvernombodet å føre ei oversikt over kva slags behandlingar av personopplysningar kommunen gjer (PDF, 656 kB)

For tilsette i kommunen skal ombodet gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA) og følgje opp interne retningslinjer for handtering av personopplysingar. Ombodet skal samarbeide og vere kontaktpunkt mot Datatilsynet og kan spørje Datatilsynet om rettleiing i konkrete saker.

Personvernombodet for Nordfjord

Klikk for stort bilete

Hans Thomas Solheim
Personvernombod IKT Nordfjord
tlf 958 53 319
epost: personvernombod@IKTNordfjord.no