Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslette knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Med parkeringsløyve kan du parkere på:
- parkeringsplassar for rørslehemma
- offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift utover tidsavgrensning

Målgruppe
Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd.

Klage
Avslag på søknad om parkeringsløyve kan påklagast til kommunestyret.

Korleis få tenesta?
Søknadskjema og legeerklæring skal sendast til kommunen. Passfoto av søkjaren må leggast ved.

Dersom parkeringsløyvet ditt er gått ut på dato, må du søkje på nytt!

Søknadskjema får du ved heradahuset.


Søknaden sender du til:

Gloppen kommune
Grandavegen 9
6823 SANDANE

Pris

Tenesta er gratis