Låneordningar gjennom Husbanken

Gloppen kommune formidlar tilskot frå Husbanken til etablering og tilpassing av bustad samt startlån til delfinansiering eller refinansiering av bustadlån og gjeld.

Tilskot og startlån er behovsprøvd i tråd med retninglinjer frå Husbanken og kommunale retningslinjer/forskrifter.

På sida til Husbanken finn du meir utfyllande informasjon om startlån og tilskotsordningar.

Kontaktperson for startlån og tilskotsordningar i kommunen er Steinar Kandal. Ring Gloppen kommune sitt sentralbord - 57 88 38 00 - så formidlar vi kontakt.