TT-kort/drosjekort er eit fylkeskommunalt ansvar

Søknadsskjema og meir informasjon om tenesta finn du her.

Det er administrasjonen i fylkeskommunen som skal handsame alle søknadar frå heile Vestland fylke. 

Brukarar får no godkjenning for 2 år for mellombels sjukdom/nedsett funksjonsevne, eller når det er tvil om sjukdom/nedsett funksjonsevne er varig. I særskilde høve kan brukarane få godkjenning for 1 år.
Brukarane får godkjenning for 10 år for varig sjukdom/nedsett funksjonsevne. Brukarar med varig sjukdom/nedsett funksjonevne som er utan utsikter til betring av tilstanden kan få livsvarig godkjenning.

Brukarar som oppfyller særskilde krav får utvida brukarkvote, som til dømes rullestolbrukarar og blinde/svaksynte.

Søknad skal sendast til:

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen