Psykisk helseteneste

Psykisk Helseteneste er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte grunnar som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta yt hjelp ut i frå kvar enkelt pasient sine behov, ressursar og mål og arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.

Tenesta kan tilby

  •  informasjon, råd eller rettleiing i forhold til psykisk helse og behandling
  •  kartlegging av situasjonen
  •  individuelle samtaler
  •  samtaler med pårørande
  •  hjelp til å organisere kvardagen
  •  hjelp til samarbeid med andre instansar
  •  Dagtilbod 
  •  støttekontaktordning
  •  Hukommelses team
  •  Inn på tunet (dagtilbod for heimebuande personar med demens)
     

Anna informasjon:

Det er kostnadsfritt å få oppfølging frå Psykisk Helseteneste og du  treng ikkje tilvising frå lege. Du kan ta kontakt direkte, eller få hjelp til kontakt gjennom andre tenester.  Du kan og nytte deg av eige  søknadsskjema, så tek vi kontakt med deg.

Furubu

Furubu er eit bufelleskap for personar med psykiske lidingar. Eininga ligg under Psykisk Helseteneste. Bufelleskapet har 6 leiligheter. Dei har alle kombinert stove/kjøkkenkrok, eige bad og soverom. Romma er umøblerte, så kvar einskilde får sette sitt eige preg på leilegheita.

Furubu er bemanna på  dag og kveld, samt tilsyn på natt.  Det vert lagt til rette for fysiske og sosiale aktiviteter og handtering av kvardagslege gjeremål.

Felles for alle som nyttar seg av tilbodet på Furubu er at ein får oppfølging etter kvar enkelt sine behov og ressursar.

Kontaktinformasjon:

Einingsleiar Tlf: 977 06 875

Furubu: Tlf: 941 58 748

Psykisk helse - Klikk for stort bilete