Hukommelseteamet i Gloppen

Dette er ei tverrfaglag gruppe på minst to personar med helsefagleg høgskuleutdanning, omfattande praksis i og erfaring med, og særskilt interesse for fagfeltet demens.

Hukommelseteamet er organisert under Psykisk helse

Mål med teamet sitt arbeid:

  • Sikre at personar med demens i Gloppen kommune får ein grundig tverrfagleg utgreiing så tidleg som råd, og at dei og pårørande får tilpassa hjelp og støtte.Sikre planlegging, gjennomføring, forankring og evaluering av  strategiar, handlingsplanar og innsatsområde innanfor kommunen sitt demensfaglege arbeidsområde.
  • Sikre at dei tilsette gjennom demensfagleg utvikling tilegnar seg kunnskap og kompetanse til å utføre arbeidet etter lovverket og etaten sine felles verdiar og mål.
  • Sikre kunnskap om demens i lokalsamfunnet og hos samarbeidande partar.  

Ansvarsområde/arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å delta i utgreiing av personar ved mistanke om demens.
  • Oppfølging av personar med demens og dei pårørande.
  • Samarbeider med den enkelte pasient sin fastlege.
  • Samarbeid med 2. linjetenesta om enkeltpasientar.
  • Bidra til å utarbeide tiltaksplanar i samarbeid med heimetenesta som fører til at personen med demens og dei pårørande får dei hjelpetiltaka som trengst for å kunne ha eit godt liv i eigen heim så lenge som råd.
  • Tverrfagleg skriftleg dokumentasjon ved ergoterapeut og sjukepleiar vert lagt i "skjema" i pasientjournal.
  • Utarbeiding av skriftlege prosedyrer for teamets arbeid.
  • Samarbeid med og rettleiing av andre personell i kommunen omkring den enkelte pasient både i heimetenesta, institusjon og dagtilbod.
  • Arbeide for å spre kunnskap om kvifor det er viktig med tidleg diagnose og igangsetjing av tiltak.
  • Målretta arbeid med pårørande: Pårørandeskule, pårørandegrupper.
  • Samarbeide med frivillege organisasjonar.
  • Syte for kompetansehevande tiltak mellom dei tilsette som arbeider med personar med demens.
  • Ansvarleg for styring av prosjekt og fagutvikling innan demensområdet.
  • Syte for eigen fagutvikling.

Klikk for stort bilete