Inn på tunet - dagtilbod

Dagtilbod til heimebuande personar med demens.

Heime i "gamlestova" på Eide er det ope to dagar i veka. Aktivitetane varierar, men fokus er det gode liv her og no og aktivitetar som bidreg til å oppretthalde god funksjonsevne.

Kva er inn på tunet?

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferds-tenester på gardsbruk. Sidan 2009 har Danelbruket på Eide i samarbeid med Gloppen kommune hatt eit dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens.

Danelbruket

Garden er godkjend IPT-tilbydar gjennom KSL Mat-merk. Garden ligg fint og sentralt til inne på Eide ved Sandane, og har mange fine turmulegheiter rundt seg. Drifta på garden er mjølkeproduksjon og sau. På lada har dei eit rom med utsyn til kufjøs og mjølkerobot.

Hovudbasen for dagaktivitetstilbodet er gamlestova frå 1790 med peis, sofagruppe og langbord.

Line Bente Stubberud Eide og Odd Kåre Eide er tilbydarar og står for dagleg drift i samarbeid med fagansvarleg / tilsette frå Gloppen kommune.

Aktivitetar

Aktivitetane føl årstidene og blir lagt opp etter kva den einskilde meistrar og har interesse av, og ein varierer mellom ulike uteaktivitetar og inneaktivitetar

Praktisk informasjon 

  • Dagtilbodet er ope to dagar pr veke (tysdag og torsdag) frå kl 10 til 14.
  • Det er plass til 6 personar pr dag
  • Deltakarane blir henta og køyrde heimatt.
  • Inn på tunet held stengt i jule- og påskehøgtidene, samt 5 veker om sommaren

For meir opplysningar eller søknad: 

Kontakt fagansvarleg Tone Merethe Ommedal, tlf 481 70 890.
Hukommelseteamet i Gloppen kommune ved Remi Ramslien (951 57 673)
eller Randi Reed (959 37 747)
Tilbydar Line Bente S. Eide (902 43 047)

Line Bente Stubberud Eide  - Klikk for stort bileteLine Bente i den heimekoselige Gamlestova