Torsdagstreffet

Dagaktivitetstilbod for heimebuande eldre med demens

Tid og stad

Torsdagar kl 11-14. 
Åsavegen 133 E

Praktisk informasjon

Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg og 1-2 frivillige i trivelege lokale på Aktivitetssenteret vis-à-vis arbeidskyrkja. Deltakarane blir henta og køyrde heim av fagansvarleg.

Vi startar med frukt, drikke og triveleg prat rundt stovebordet og held fram med ulike aktivitetar. Desse vert tilpassa årstidene og kva du som deltakar meistrar og har interesse av.

Døme på aktivitetar 

  • Turgåing
  • Formingsaktivitetar 
  • Trim
  • Song
  • Avislesing
  • Borddekking
  • Drivhus
  • Utflukt

Treffet blir avslutta med middag og kaffi før deltakarane blir køyrde heim kl. 14.

Informasjon om pris finn du her