Fredag på Myra

Dagaktivitetstilbod for heimebuande eldre med demens

Tid og stad

Fredagar kl 11-14. 
Friluftsområdet Myra.
Oppmøte kl 10.45 på parkeringsplassen ved kunstgrasbana/Myklebustflata

Vi ordner med transport til og frå heimen om nødvendig.

Praktisk informasjon

Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg.
Dette er eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. 

Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.

Døme på aktivitetar mellom kl 11-1250

  • fyre opp bål i grillhytta, koke kaffi mm
  • sitje rundt bålet eller i sola
  • synge
  • gå tur i nærområdet
  • spele kubb /Boccia
  • klippe busker, sage ved eller anna 

Middag

Siste timen går vi til Aktivitetssenteret (Åsavegen 133E) der det vert servert middag kl 13-14

Pris

Informasjon om pris finn du her