Koordinerande eining, koordinator og individuell plan

Koordinerande arbeid og ordninga med koordinator og individuell plan er etablert på tvers av etatane. Målet er å bidra til at tenestemottakarar som har trong for langvarige tenester frå fleire aktørar skal få eit heilskapleg tenestetilbod.

Dette innebær å sørge for at det er kontinuitet i tiltaka over tid, uanhengig av kven som har ansvaret. Tenestemottakar som har trong for langvarige tenesteer frå fleire aktørar har rett til å få oppnevnt koordinator og utarbeidd individuell plan. 

Helse- og omsorgssjef er leiiar for koordinerande eining. Oppvekstsjefen er òg med i koordinerande eining. 

Koordinerande eining har ansvar for å iverksette system for koordinering mellom tenester og for å utvikle system for koordinering i høve pasientar og brukarar (kap 7.1, 7.2 og 7.3). 

Koordinerande eining har mynde til å oppnemne koordinator. 

Ved spørsmål, ta kontakt med helse- og omsorgssjefen som er leiar for koordinerande eining. 
Telefon 57883800 (sentralbord)

Lenker til meir informasjon: