Kommunalt akutt døgntilbod (KAD)

Tilbodet er lokalisert til 1. etg. ved Gloppen Omsorgssenter. Det består av to sengar og er integrert i avdelinga i 1. etg. Tilbodet er kome i stand og utvikla som ei følge av samhandlingsreforma. Gloppen kommune og Helse Førde har inngått avtale om organisering og drift, og økonomiske midlar frå både stat og helseføretak blir overførte til kommunen. Avdelinga ved omsorgssenteret er styrka med ein del nytt utstyr, auka legetilsyn og 1,5 sjukepleiarstilling ekstra, derav 50% fagutviklingssjukepleiar.

Tilbodet er for vaksne (over 16 år) innbyggjararar i Gloppen med i hovudsak kjende tilstandar, avklart diagnose og funksjonsnivå. Pasientar som har behov for innlegging, skal kunne behandlast like godt ved det kommunale tilbodet i forhold til å bli innlagt i sjukehus.

KAD-Kommunalt Akutt Døgntilbod - Klikk for stort bileteKAD-Kommunalt Akutt Døgntilbod (Siv K. Haugen) Siv K. Haugen

Ta gjerne med inhalasjonsmedisin, augedråpar og kreftmedisin ved innlegging på KAD.

Dei som arbeider ved Gloppen omsorgssenter 1 etg. er tilsynslege, spesialsjukepleiar, fagutviklingssjukepleiar, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, hjelpepleiar/helsefagarbeidar og pleiemedarbeidar med opplæring.

Kontaktinformasjon/adresse:

Korttid, rehabilitering, avlastning og KAD: mobil 958 50 469/578 67 960

Langtidsavdeling: mobil 977 74 371

Einingsleiar Gloppen omsorgssenter 1 etg:  mobil 917 03 443

Besøksadresse: Gotevegen 68