Gotatoppen heimeteneste

Gotatoppen har omsorgsbustadar med bemanning gjennom heile døgnet på Sandane. Bustadane er organisert i tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen.

Avdelingane og tenestene er spesielt tilrettelagt for personar med demens.  

 

Det er 8 bueiningar på kvar avdeling, kvar eining består av eit rom med eige bad. Romma er ikkje møblert, så ein ynskjer at kvar einskild får sette sitt personlege preg på rommet med eigne møblar, bilete og private ting.

Vi arbeider ut frå primærsjukepleieprinsippet, dvs. at den einskilde brukar får tildelt ein pleiar, som har hovudansvaret for den hjelpa han/ ho treng gjennom døgnet. Helsa vert ivareteken i eit miljøterapeutisk miljø.  Uteområdet er forma som sansehage med stiar, fruktrær og bærbusker, opphøgde blomsterbed,  lysthus, flaggstang, fjellhage, benkar og bord.

Målsetjing er m.a. at brukarane skal få den individuelle pleie og omsorg dei til ei kvar tid treng med tilpassa aktivitetar. Skape tryggleik og ro i eit oversiktleg og mest mogleg heimekoseleg miljø.

Arbeidsfelleskapet på Gotatoppen er sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar/ omsorgsarbeidarar og pleiemedarbeidarar med opplæring.

Telefonnummer og adresse:

Avd. Lyngtunet:  979 91 035 – besøksadresse:  Gotevegen 51A.

Avd. Bregnetunet: 979 91 036– besøksadresse:  Gotevegen 51B.

Avd. Plassen: 979 91 037 – besøksadresse:  Gotevegen 51C.

Einingsleiar Gotatoppen: 488 94 818.

Gotatoppen - Klikk for stort bilete