Gloppen omsorgssenter - 1. etasje

 

Gloppen omsorgssenter,1 etasje, har 22 institusjonsplassar. Vi tilbyr korttidsopphald, avlastningsopphald, rehabiliteringsopphald og langtidsopphald (skjerma eining, Gr.4).

Korttid - og rehabiliteringsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i institusjon. Opphaldet kan vare frå ein dag til fleire veker. Tilbodet retter seg hovudsakleg mot eldre som etter ei samla vurdering treng hjelp til rehabilitering, habilitering, utredning m.m. Målet med opphaldet er å betre moglegheita til å bu heime ved å behandle sjukdom/symptom, og oppretthalde og betre funksjonar som er viktige for å klare seg i eigen heim.

Avlastningsopphald er eit tidsavgrensa opphald i institusjon. Målet er å gje den pårørande i heimen avlastning og å gje den eldre moglegheit til å bu heime så lenge som mogleg.

Langtidsopphald (skjerma eining,Gr.4) er for personar med omfattande og langvarige behov for hjelp eller personar med demens med stor svikt i eigenomsorg og som har behov for heildøgns pleie og omsorg.

Dei som arbeider ved Gloppen omsorgssenter 1 etg. er tilsynslege, spesialsjukepleiar, fagutviklingssjukepleiar, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, hjelpepleiar/helsefagarbeidar og pleiemedarbeidar med opplæring.

Gruppe 4  - Klikk for stort bileteGruppe 4 (Siv K. Haugen) Siv K. Haugen