Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er en fellesbetegnelse på tekniske installasjonar og løysingar som kan bidra til; auka tryggleik, å styrke den enkelte si evne til å klare seg sjølv i kvardagen, teknologisk støtte til pårørande og førebygge behov for tenester eller innlegging i institusjon. 

Ved å ta i bruk ulik teknologi er målet å effektiviserer drifta, frigjere ressursar til anna arbeid og heve kvaliteten på tenestene. 

Det er vanleg å gruppere velferdsteknologi etter bruksområder eller hensikten med teknologien:

Tryggleiksskapande teknologi kan skape tryggleik og føre til at den enkelte kan bu lenger heime og legge til rette for sosial deltaking og motvirke einsemd. Dette inkluderar tryggleiksalarmar, dørsensorar,  andre bevegelsessensorar, lokaliseringsteknologi (GPS), fallsensorar, komfyrvakt, varsling for tjuveri og brann, dørkamera, elektroniske dørlåsar og videokommunikasjon.

Meistringsteknologi er teknologi som bidreg til at den enkelte kan ha kontroll over sin eigen helsetilstand og meistre kvardagen betre,  spesielt i forbindelse med kroniske sjukdomar. Det kan også være teknologi som vert brukt i forbindelse med rehabilitering, opptrening og vedlikehald av mobilitet. Dette kan være digitale kalendarar og huskelister, eigenmålingar av helsetilstand, tilrettelagde speleplattformer, instruksjons- og motivasjonsvideoar og treningsapper. 

Utrednings- og behandlingsteknologi er teknologi som kan gje avansert medisinsk utredning og behandling i heimen. Her står telemedisinske videoløysningar sentralt, saman med biomedisinske sensorar for medisinske målingar og apper for sjølvrapportering. 

Velværeteknologi er teknologi som gjev auka bevissthet om eiga helse og som bistår i praktiske gjeremål i det daglige utan at nedsett funksjon eller helse er årsak til bruk av teknologien. Dette inkluderar det store spekteret av trenings- og motivasjonsapper og også nye elektroniske hjelpemidler som robotstøvsugar og robotplenklippar, samt ulike smarthusløysninger og løysninger for sosial kontakt og samhandling med andre. 

Gloppen har arbeidd kontinuerlig med å ta i bruk velferdsteknologi sidan 2014. Vi har drive utviklings og opplysningsarbeid i eigen kommune og delteke i fylkesprosjekt og er no også tatt opp i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet i lag med andre kommunar i fylket.

Ynskjer du å vite meir om velferdsteknologi?

Ta kontakt med lokale bedrifter i Gloppen,
eller Gloppen kommune.

Klikk for stort bileteVelferdsteknologi